mandag 6. april 2009

All-TIME 100 Novels

Her fann eg TIME si liste over det dei meinar er dei 100 beste engelskspråklege bøkene etter 1923 (og mitt første spørsmål er "kvifor 1923?"). Litt (eller ganske, kanskje) skeptisk skal ein sjølvsagt vera til slike lister, spesielt når dei er sette opp av enten veldig få personar (som denne) eller ved å gi den gemene hop anledning til å stemma. Tykkjer likevel det er litt moro å lesa dei for å sjå kva andre meinar ein bør lesa og dessutan kor mange av bøkene eg allereie har lese. Kom til 15 av 100 her, men skummelt mange av dei eg ikkje har lese står i bokhylla og ventar på sommar og ferie...

2 kommentarer:

  1. Jeg har lest 7 og har lyst/planlagt å lese tre til. Ikke så fantastisk utbytte altså, men har sett filmatiseringen av flere. Ellers så merker jeg at jeg er fan av fjonge titler (Hemingway er f.eks god på det) - liksom mer stas å si at man har lest en bok når den har en fjong tittel.

    SvarSlett
  2. Har ikkje tenkt så mykje på det før, men når du seier det så har han ein del fine, ja. Hemingway er ein av dei eg hadde tenkt å lesa til sommaren, mest for å sjå om eg får ei anna oppleving av å lesa han no enn då eg var 15. Trur kanskje boksmaken min har endra seg litt på 10 år.

    SvarSlett