lørdag 30. januar 2010

Lydbok, forsøk 2

Ein gong for mange år sidan såg eg filmen Little Women på TV. Ei stund seinare, for, ifølgje boklista mi, ikkje så mange år sidan som eg trudde, fekk eg det for meg at eg skulle lesa boka. Folkebiblioteket i Gaupne var som vanleg behjelpeleg og skaffa meg ei engelsk utgåve. Det var fyrst då eg kom til slutten, og Beth enda ikkje var død, eg fann ut at filmen faktisk baserar seg på to bøker, Little Women og Good Wives (som jo er ein skrekkeleg trist tittel på ei bok når det faktisk ikkje er meint ironisk). I same slengen oppdaga eg at det fanst fleire bøker om dei same karakterane. Eg gjekk umiddelbart i gang med bok to, deretter med bok tre, og så gikk eg frykteleg og fullstendig lei (litt slik ein gjer når ein har dedikert livet sitt til èin aktivitet, som t.d. Sims-speling, over lengre tid).
Som eit resultat av at eg i jula såg filmen Little Women igjen, fekk eg i romjula for meg at eg skulle lesa bøkene på ny, og sjå om dei var like slitsomt moralistiske no som sist. Samtidig hadde eg bruk for øyreunderhaldning til handarbeid (kort-mekking), så løysinga vart å gi LibriVox ein ny sjanse.
I motsetnad til A Portrait of the Artist as a Young Man og andre lydbøker eg har prøvd meg på, blir ikkje heile Little Women lesen av same person. Dette spela forsåvidt inga rolle, sidan alle opplesarane (bortsett frå ei, som las to kapittel, og som hadde ei av dei fælaste stemmene eg har høyrt nokonsinne) var behagelege å lytta til.
Bøkene (dei to fyrste er slegne saman til èi i lydbokversjonen) er like provoserande moralistiske som eg hugsar dei, men a vein eller anna grunn var dette mindre irriterande denne gongen. Det kan sjølvsagt ha vore ein konsekvens av at eg var førebudd og hadde heller låge forventningar, men eg trur òg dette kan ha hatt samanheng med lydbokformatet. Det er faktisk lettare å ignorera deler av boka når ein berre kan lata att øyrene eller nynna litt for seg sjølv ei stund, enn når ein faktisk må lesa seg i gjennom det (ein kan sjølvsagt hoppa over deler av boka, men det er vanskeleg å vita kor ein skal begynna å lesa igjen for å få med seg dei interessante delane). Jamt over er eg ganske nøgd med heile forsøket og med bøkene. Sjølv om eg no igjen har gått grundig lei (denne gongen etter kun to bøker), finst det kanskje sjansar for at eg ein gong i framtida kjem meg gjennom alle fire, for både Jo's Boys og Little Men ligg tilgjengelege på LibriVox.
No veit eg ikkje om dette eigentleg kvalifiserar til ein bokanmeldelse, men eg ser for meg at dei fleste allereie er kjende med desse bøkene. Uansett, dersom nokon skulle trenga ei formeining: sjå heller filmen.
Elles trur eg no eg kan gå ut med ei tentativ anbefaling av lydboklytting, men dersom ein går for ei bok med fleire opplesarar, kan det vera ein fordel å ha ei skriftleg utgåve tilgjengeleg (t.d. frå Project Gutenberg), i tilfelle ein skulle støyta på ei grusom stemme i eit av kapitla.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar