Somme har peika på at eg ikkje har lagt ut ei tentativ bokliste for 2010. Eller rettare sagt, somme har masa lenge og grundig om at eg ikkje har blogga ei tentativ bokliste og kvifor ikkje, og no må eg ta meg saman og gjere noko med det. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å legge ut ei slik liste. Drive med slik… de veit… planlegging… ligg ikkje for meg. Lista vert difor ikkje berre tentativ, men òg vag - ikkje på nokon måte hogga i stein, meir krudla i sand med ein liten pinne svært, svært nær bølgjene. (Moglegvis er det dette som vert kalla ein disclaimer på godt nynorsk.)
I 2010 skal eg lese ut dei bøkene eg har byrja på, nemleg:
· Jane Austen og Seth Grahame-Smith: Pride and Predjudice and Zombies
· Arne Garborg: Haugtussa
· Frode Grytten: Bikubesong
· Knut Hamsun: Sult
· Elizabeth Kostova: Historikeren
· Muriel Barbery: The Elegance of the Hedgehog
· Josè Saramago: En beretning om blindhet
· Arne Bust Mykle: Opera Pompel og Pilt – Feltnotater fra Gople, et landskap i Norge.
Dei fire siste er det så lenge sidan eg har lese noko i at eg kanskje må byrje om att. Me får sjå.
Elles skal eg òg lese:
Minst ein roman.
Minst ei essaysamling.
Minst ein biografi.
Minst ei diktsamling.
Minst ei novellesamling.
Minst ein teikneserie.
Minst eit skodespel.
Minst ei barnebok.
Minst ei lydbok
Minst ei bok frå 2000-talet.
Minst ei bok frå 1900-talet.
Minst ei bok frå 1800-talet.
Minst ei bok frå 1700-talet.
Minst ei bok frå før 1700.
Minst ei fantasybok.
Minst ei science-fictionbok.
Minst ei magisk-realisme-bok.
Minst ei krimbok.
Minst ein grammatikk.
Minst eit filosofisk/teologisk/politisk verk.
Minst ei fagbok.
Minst ei bok skriven av ein norsk forfattar.
Minst ei bok skriven av ein forfattar frå Europa (men ikkje Noreg).
Minst ei bok skriven av ein forfattar frå Asia.
Minst ei bok skriven av ein forfattar frå Afrika.
Minst ei bok skriven av ein forfattar frå Amerika
Minst ei bok skriven av ein forfattar frå Oseania.
Minst ei bok skriven det året eg vart fødd.
Minst ei forboden bok.
Minst ein stor, viktig klassikar.
Minst ein nobelprisvinnar.
Minst ei bok skriven av ein forfattar eg ikkje har lese noko av før.
Minst ei bok på eit anna språk enn norsk og engelsk.
Minst ei bok som utfordrar fordomane mine mot det mamma kallar "råtabøker".
Minst ei bok anbefalt av Silje.
Minst ei bok anbefalt av Haldis.
Minst ei bok anbefalt av Suzanne.
Minst ei bok anbefalt av Sverre.
Minst ei bok anbefalt av Kristine.
Minst ei bok anbefalt av Gøril.
Minst ei bok anbefalt av Åsne.
Minst ei bok anbefalt av Jaran.
Minst ei bok anbefalt av Pappa.
Minst ei bok anbefalt av Mamma.
Minst ei bok anbefalt av Farmor.
Minst ei bok anbefalt av ein tilfeldig bokmeldar.
Minst ei bok anbefalt av nokon på Nordli.
Minst ei bok frå bestseljarhylla til ARK Beyer.
Minst ei bok med rosa cover.
Hmmm… Det ser ut til at eg kjem til å få det travelt å år…
Kom igjen, fortel meg kva eg skal lese.
Kom igjen, fortel meg kva eg skal lese.
For ei ypparleg bokliste! Kanskje noko av det beste eg har sett :) Temmeleg ambisiøst òg vil eg påstå, spesielt for ei som ikkje likar å planlegga og eigentleg ikkje hadde tenkt å laga ei liste i det det heile teke!
SvarSlettTrur det finst ei viss moglegheit for at du bør tenka litt strategi i bokvala dine og kombinera nokre kategoriar her. Kan eg føreslå "mist ei bok som dekkar fem eller fleire kategoriar på lista"?
Må tenka meg litt meir om før eg bestemmer meg for kva eg skal anbefala...
Z, då ventar me på lista di! Kan du toppa denne?
Oh, eier du En beretning om blindhet? Har fått den anbefalt av flere på jobb, og hvis du eier den kan jeg ha den på listen min for neste år (er ikke mer optimistisk enn at jeg regner meg for fullbooket i år når det gjelder boklesning). Et av mine krav for at en bok skal komme med på leselisten min er forresten at den ikke på noen måte skal kunne komme innunder kategorien pensumbok eller jobbrelatert. Er forøvrig imponert over ambisjonsnivået!
SvarSlettFikk den av Silje til... jul eller bursdag et år... Den kan lånes:)
SvarSlettPuh! Dette var jammen ambisiøst!
SvarSlettSuzanne anbefaler "Life and times of Scrooge McDuck" OG "Life and times of Scrooge McDuck Companion". Begge av Don Rosa.
Dette er tegneserier, av amerikansk forfatter, og kan presses inn i kategorien barnebøker - men jeg ville ikke anbefalt små barn med sarte sjeler om å lese dem!
Sverre anbefaler - mens vi er på Don Rosa-sporet - "Solens sønn" (som jo ikke er en bok, men kan leses i Hall of Fame Don Rosa 1). Se http://www.univers.no/tegneserier/donald/hall-of-fame/Hall-of-Fame-Don-Rosa-1/sku-50500
Forresten - på norsk kan Skrues liv også leses i Hall of Fame-bøkene.