tirsdag 31. august 2010

Feministisk dystopi (hurra!)


Er litt usikker på om eg skal definera meg sjølv som fan av dystopisk science fiction. Nokre av eksempla på sjangeren har noko litt traurig og kanskje litt trist-og-kjipt over seg. Men kanskje likevel ... Dei store klassikarane innan sjangeren, t.d. Brave New World, som eg las ein gong på vidaregåande, og 1984, som eg nett har lese på nytt, er ikkje favorittbøkene mine, men eg tykkjer dei er OK lesing. Likte Fahrenheit 451 kjempegodt fyste gong eg las ho og veit eg har tilrådd andre å lesa ho, noko eg no er litt nervøs over sidan det er ganske lenge sidan eg las og likte ho. Det hender eg les opp att bøker eg likte godt ein gong i fortida og tenker at jaudå, eg likar dei framleis, men det er ikkje sikkert eg hadde likt dei like godt viss ikkje det hadde vore for ein viss nostalgisk komponent. Fahrenheit 451 er difor ei av bøkene eg planlegg å lesa igjen, men som eg er litt redd for å lesa igjen. Muligens meir om dette ein gong i framtida.
Til poenget, som denne gongen heiter The Handmaid's Tale, er skriven av Margareth Atwood og er ei av bøkene eg har oppdaga, lese om og fått lyst til å lesa gjennom Shelfari. Tykkjer omtalar skal avsløra minst mogleg av handlinga (spesielt når det ikkje er så tettpakka handling), så eg skal nøya meg med å seia at hovudpersonen bur i eit framtidig USA (som ikkje lenger heiter USA, men Gilead) der det sjølvsagt har gått nedover med individet sin fridom og rettar. Endringane i samfunnet og bakgrunnen for utviklinga kjem fram gradvis og indirekte gjennom forteljinga, noko som gjer at ein del ting kan vera noko uklårt i begynninga. men etter kvart som ein les får ein eit klårare og klårare bilde av forhold og samanhengar. Dette er ein type oppbygging eg vanlegvis likar når det er godt uført og det meinar eg det er her.
Ein kan ikkje seia at dette er ein action-spekka roman, kanskje delvis på grunn av oppbygginga som gjer at ein brukar tid på å setja seg inn i boka si "alternative verd". Det er heller ikkje den typen bok der ting pent og pynteleg startar å skje der me kjem inn i historia (d.e. på begynninga av boka) og blir runda naturleg av mot slutten, med eit klårt avgrensa handlingsforløp mellom ei to ytterpunkta.
Boka kan lesast
som feministisk - dei store innskrenkingane i individuell fridom går verst ut over kvinnene og handlinga tematiserer kvinner si rolle. Tykte eigentleg om "graden" av feminisme, om ein kan ordlegga seg slik: det er ikkje (slik eg les det) noko militant alle-menn-er-kjipe over det, men samtidig er det heile fortalt frå ein kvinneleg ståstad. Dette er kanskje ein av hovudgrunnane til at eg likar denne boka betre enn ein del av dei andre i denne sjangeren. Dei store sci-fi klassikarane er jo ofte skrivne av menn, om menn og, kan ein mistenka, for menn, slik at sjølv om eg ofte likar ideen bak desse bøkene kan eg finna det vanskeleg å lika og/eller sympatisera med hovudpersonane (sannsynlegvis ein viktig grunn til at eg tykte A Scanner Darkly var svært skuffande).
The Handmaid's Tale har òg sterke bibelske referansar (det nye Gilead-samfunnet er så heilagt som berre det). Ein del av desse la eg ikkje merke til då eg las (min kjennskap til bibelsoga er vel noko ujamn), men har opplyst meg sjølv i etterkant gjennom Wikipedia, som har ein forholdsvis omfattande artikkel om denne boka. Denne er forresten ikkje tilrådd dersom ein faktisk har tenkt å lesa boka - her blir det meste av innhald avslørt.
Etter hard indre debatt trur eg eg endar på ein sterk 16 på terningen.

2 kommentarer:

  1. Høres ut som en bok jeg trenger å lese - setter den på boklisten for neste år.

    SvarSlett
  2. Det er to ting jeg finner litt avskrekkende med denne boken, så jeg vet ikke om jeg tør å lese den: 1) feministisk, 2)dystopi. Kanskje jeg likevel skal mote meg opp, siden det hørtes interessant ut at den var bygget opp over bibelsk lest (som jo også kan vise seg å være dens bane i mitt kritiske hode). Nei, jeg kjenner det ikke er så alt for høye forhåpninger om lesning av denne i nærmeste fremtid. Kanskje jeg skal ta kortversjonen på Wikipedia (med påfølgende fare for anger). :D

    SvarSlett