Det er eigentleg ei lita stund sidan eg las denne boka og eg må vel innrømma at eg ikkje hadde så klare planar om å blogga om ho, kanskje litt fordi det ikkje er så mykje å seia utan å gi seg i gang med ei djup og alvorleg tolking, noko eg ikkje har tenkt å gjera, men her kjem ein liten notis likevel.
Ein gong på ungdomsskulen, etter å ha bestemt meg for at det var på tide eg las litt fleire "viktige" bøker, gav eg meg i kast med ei norsk utgåve av Farvel til våpnene som eg fann i bokhylla heime. Dette skulle bli ei av bøkene som bidrog til at eg lenge trudde ei bok måtte vera trist-og-kjip for å oppnå status som "klassikar". Det eg sat att med var vel meir eller mindre spørsmålet "kva var no dette?" M.a.o.: eg var ikkje nokon stor tilhengjar av Hemingway som femtenåring ... Sidan den tid har eg tenkt at eg skulle lesa Farvel til våpnene igjen, som ein slag prøve på kor mykje boksmaken min har utvikla og endra seg sidan den gong, men sidan dette er ei av dei få bøkene eg har lese som eg faktisk hugsar ein del av handlinga i (og med "handlinga" meinar eg slutten), og sidan eg, som nemnt, tykte ho var ganske trist-og-kjip fyrste gongen eg las ho (dei som les denne bloggen skulle vita at eg ikkje er så glad i denne sjangeren) har det ikkje frista så veldig.
Eg har derimot eit minne om å ha lese Hemingway på vidaregåande, nærare bestemt novella "Hills like white elephants", som eg trur er ganske standard engelskpensum, og meinar å hugsa at eg ikkje var like negativ til denne. Anyways: fann The Old Man and the Sea inne hjå Elin på eit "Elin ryddar rommet sitt (eller rettare sagt: bokskåpet sitt) og Silje har ikkje eigentleg noko betre å ta seg til enn å sitta litt på golvet og lata som ho hjelper til medan ho eigentleg sit i vegen"-tidspunkt, og sidan eg som vanleg var midt i ein nattbordstabel av uante dimensjonar beståande i hovudsak av bøker som er skrekkeleg fantastiske og store klassikarar og på minst tre ulike språk, men kanskje ikkje akkurat det ein har lyst til å lesa når ein er litt trøytt og i humør til noko lett, såg denne boka på ca. 100 sider ganske så fristande ut.
Handlinga kan omtrentleg oppsummerast slik (mest mogleg spoiler-fritt): Gammal mann som har vore på fisking lenge lenge utan å få fisk, får ein diger sverdfisk på kroken og blir dregen utover på havet medan han slåst med fisken.
Ifølgje Wikipedia er denne boka ei skildring av ein "epic battle of wills" og handlar om "menneskets kamp med naturen", som er den typen omtale som pleier få meg til å tenka "sikkert fint og fjongt det" og legga boka frå meg att. Vart difor litt overraska over at eg faktisk likte denne litt. Kan henda eg las ho på rett dag. Kan henda det hjelpte at eg ikkje hadde store forventningar. Uansett: inntrykket eg sit att med no nokre månadar seinare er generelt positivt. Vil likevel ikkje tilrå kven som helst å lesa denne boka når som helst. Ein bør vera førebudd på mykje "indre handling". Boka er dessutan av den typen som har ein slag uunngåeleg slutt, som ein på ein måte gruar seg litt til gjennom heile lesinga. Heldigvis vart denne betre enn eg frykta, noko som òg dreg opp.
Har litt vanskeleg for å gi poeng, men trur eg skal seia ca ... 13. Ganske OK, med andre ord. Iallefall bra nok til at eg har gitt meg i kast med The First Fourty Nine Stories av same forfattar. Dette er ei novellesamling det anar meg at det kjem til å ta ei stund å komma gjennom, for dei to fyrste novellene kjendest nesten like lange som The Old Man and the Sea.
(For dei som måtte lura: ja, det har slege meg at bokomtalane mine ofte handlar litt lite om boka eg omtalar og litt mykje om andre meir eller mindre relaterte og vesentlege omstende. Har eg tenkt å gjera nok med dette i framtida? Nei, ikkje eigentleg.)

Det er bra du har oppretholdt den fine tradisjonen jeg startet med oppdatering hver tirsdag:-) Hadde planer om å bokblogge i helgen, men så leste jeg bok i steden for - neste helg derimot...
SvarSlettOver til den anmeldte boken; er på generelt grunnlag skeptisk til klassikere da de har en tendens til å inneholde mye lidelse, død og kjipe slutter - og ofte synes jeg ikke gleden over å ha lest en klassiker oppveier lidelsen det er å lese boken. Det sagt så hender det jo at klassikere slår til og er både gode og engasjerende - og med sine 100 sider ser denne boken ut til å være en grei introduksjon til Hemingway. Kanskje den kommer på leselisten min for neste år, eller så får jeg muliges tid til å lese den før jul - hvem vet. Uansett så hørtes indre handling og epic battle of wills ut som en vinner for meg;-)
Tykkjer vel eigentleg at me burde ha eit mål om minst ei oppdatering i veka - det blir jo ikkje meir enn eitt innlegg i månaden på kvar av oss. Har gode forsett om å skriva meir.
SvarSlettGanske einig når det gjeld klassikarar. Ungdomsskule-konklusjonen min om at dei MÅ vera kjipe (basert i hovudsak på Steinbeck og Hemingway) har nok vorte litt modifisert, men han held ofte. Dessverre så må ein jobba seg gjennom ein del kjipe klassikarar for å finna dei som er verd lesinga - og dei er ofte veldig bra. Men basert på erfaring stiller eg meg litt tvilande til at frekvensen av "skikkeleg gode bøker" er spesielt mykje høgare blant dei som har fått stempelet klassikarar...
Var òg meint å skriva at denne boka nok ikkje er den dummaste introduksjonen til Hemingway: Kort og grei og rekna som ei av dei beste han skreiv. Trur dessutan det er meir tilfredsstillande å lesa noko som faktisk er ei bok, heller enn t.d. éi novelle frå ei samling.
SvarSlettDu var overhodet ikke i veien! Det er viktig med litt selskap når man rydder i bokhyller og -skap. Slike store omveltninger fordrer rådsøking hos andre kompetente litteratursynsere og inngående diskusjoner rundt bøker og arkiveringssystem. Nemlig
SvarSlettHopp og hei (jeg må opprettholde kommenteringsraten, men finner ikke på noe å skrive). :)
SvarSlett