Er ikkje sikker på om det var før eller etter eg kjøpte denne boka eg la merke til at ho faktisk ikkje er skriven av Stephen Fry, men av Tim Lihorean som visstnok følgde Stephen Fry rundt med ein bandopptakar. Ho er basert på ein radioserie Mr. Fry gjorde om, you guessed it, klassisk musikk gjennom historia. Ifølgje boklista mi begynte eg på denne boka i februar 2009 og sjølv om det ikkje er uhøyrt at det tek meg 1,5 år å komma gjennom ei bok, så betyr det vanlegvis at ho ikkje akkurat har gripe meg frå starten av.
Boka er morosam, anna kan ein vel ikkje seia, men det kjennest litt som om ho prøver for hardt. Dessutan fungerer ikkje teksten spesielt bra. På eit vis verkar det som han ikkje var meint å presenterast i bokform. Det utstrekte bruken av (stort sett fullstendig tullete) fotnotar har eg ingenting imot, men smilefjes høyrer liksom ikkje heilt heime i lengre tekst eller i ei bok. Eg set likevel pris på dei andre ”grafiske effektane” ein har nytta seg av (variasjon i skriftstorleik og –type, kursiv og feit skrift, uvanlege linjeskift og ”teikning” med bokstavar osb.) som ein ikkje kunne brukt like godt i andre format. Desse hadde dessverre hatt godt av litt redigering, for her og der er det tydeleg at ei linje eller eit teikn har flytta på seg og ikkje står der det var tenkt.
Eg trur hovudgrunnen til at det tok meg så lenge å komma gjennom boka (eller å komma inn i ho) var tekstflyten. Eg likar at ein heile tida gjer forsøk på å setja musikkhistoria inn i kontekst og difor dreg inn historiske hendingar, kulturelle strøymingar, viktige personar og verk, men ofte blir det litt mykje oppramsing og eg tek meg sjølv i å ynskja meg færre detaljar og litt meir fokus på einskildpersonar eller verk. Frå ca. 1700-talet (dersom eg hugsar rett – lenge sidan eg las den delen …) fram til midten av 1900-talet blir det lagt vekt på å nemna kvart einaste år, kva som skjedde i verda og kven som skreiv musikk. Stadig vekk ber ein om årsak for at ein no må hoppa nokre år (vanlegvis to til fem) fram i tid, for å få plass til heile historia i ei bok, men så insisterer ein på å bruka minst ei side på å summera opp kva me ”går glipp av” i dei åra som blir hoppa over. OK, så blir det brukt meir tid og plass på dei åra det fokuserast på, men ikkje så mykje at det er naturleg å masa så mykje om at ein no hoppar over noko (for det kjennest eigentleg ikkje som om noko blir hoppa over). Eit relatert problem er at boka heile tida gjentek seg sjølv når det gjeld formuleringar og framstillingsmåtar. Litt heftigare redigering hadde kanskje vore på sin plass. Dessutan har boka åtte hovuddelar som er for lange til å fungera som naturlege kapittel og er elles delt inn i seksjonar på ei til to sider, som er for korte til å fungera som kapittel. Historia kan jo ikkje delast opp kapittel med klåre skilje mellom, men det hadde nok letta lesing litt om ein likevel hadde prøvd å innføra nokre naturlege pausar her og der.
Eg tenkte at kanskje problema mine med flyten og den stadige gjentakinga kom av at utgangspunktet for boka var ein serie bandopptak og at den munnlege forma ikkje fungerte like godt i skrift. Eg bestemde meg difor for å sjå om eg kunne finna nokre av dei originale radioprogramma for å samanlikna. Dette viste seg å verka enklare enn venta og eg har no høyrt dei 5-6 fyrste programma i serien som gjekk på Classic FM. Ein av dei tinga eg hadde sakna med boka var faktiske musikalske eksempel. Det er jo forståeleg at ein ikkje kan putta faktisk musikk inn i ei bok, men det kjendest ufullstendig å lesa så mykje om ulike sjangrar og komponistar og ikkje høyra eit einaste musikkstykke. Resultatet vart at eg brukte YouTube som eit slags tillegg til boka, noko som sjølvsagt bidrog til at det tok meg så lenge å bli ferdig. I radioserien fekk eg behovet for eksempel meir enn dekka. I desse programma utgjer musikken størstedelen av kvar sending, og det blir av og til faktisk litt i overkant, t.d. i fyrste sending der ein får presentert nesten 40 minutt med ”plainsong” og gregorianske salmar (i eit 50-minutts program), noko eg tykkjer blir ei aning monotont i lengda (fyrste programmet dekkar ca. 700 år med musikkhistorie, men eg er ikkje så skrekkeleg imponert over farten på utviklinga i denne perioden). Må innrømma at eg trur eg hadde vore nøgd med eitt eksempel på kvar stilart/periode og dei hadde ikkje trengd å vera fullt så lange heller … Elles skil radioserien seg frå boka i detaljrikdom. Der boka har i overkant har radiosendingane litt i underkant.
Etter å ha høyrt litt på radioserien tykte eg faktisk det var lettare å lesa boka ut. Det var nesten som eg kunne høyra Stephen Fry i hovudet mitt då eg las, noko som gjorde at det heile flaut mykje lettare. Eg kom difor mykje meir inn i boka, og ho tok seg klart opp mot slutten.
Kjem ikkje til å lesa heile denne boka igjen med det fyrste, men eg har planar om å ha ho ståande i bokhylla og bruka ho meir som eit slags oppslagsverk. Boka har introdusert meg for ei rekkje komponistar eg aldri hadde høyrt om og gitt meg betre oversyn over periodane i musikkhistoria. Det er altfor mykje informasjon i ho til å ta inn over seg alt på ein gong, men ved å spreia det litt utover og ta ein komponist eller stilart av gangen framover tenkjer eg å gjera meg gradvis betre kjend med klassisk musikk. Har òg planar om å høyra resten av radioserien (no finst det jo òg i lydopptak den fine moglegheita for spoling).
Veit ikkje heilt kva eg skal seia som oppsummering. Blanda inntrykk? Vil ikkje frårå folk å lesa boka, men vil ikkje tilrå det utan atterhald. Det er definitivt ei bok for spesielt interesserte (seier seg vel sjølv a det ikkje er så interessant viss du ikkje bryr deg om klassisk musikk i det heile), men samtidig meir enn ”popvit” nok for den jamne lesaren.
Hamnar på ein 13 på terningen.
Hamnar på ein 13 på terningen.
Hm, hadde tenkt å låne denne boken av deg til boklisten min for neste år, men ut fra denne anmeldelsen høres det ut som at boken er et langtidsprosjekt. Kanskje jeg kunne begynne på den i januar neste år og se om jeg hadde lest den ferdig ved årets slutt? Kjenner at jeg etter anmeldelsen din allerede er litt skuffet over boken så det kan jo hende jeg blir positivt overrasket:-)
SvarSlettHo kjem til å bli ståande i biblioteket :)
SvarSlettDet er heilt klart mogleg å lesa ho kjappare enn eg gjorde. Litt tilfeldigheiter som gjorde at det tok så lang tid, og eg trur eg las ca. halve boka den siste veka. Samtidig meinar eg ein nok har meir utbytte av ho dersom ein tek seg tid til å spela noko av musikken undervegs.
Det er sjeldan ein dårleg idé å begynna på ei bok med begrensa forventningar ...