torsdag 4. november 2010

Dampande?


Denne boka vart kjøpt for tjue kroner på FRETEX og er på framsida klassifisert som ein Steampunk romance. Eg nemner dette fordi kombinasjonen ”steampunk” og "skikkeleg billeg" nok er hovud-grunnen til at eg kjøpte og sette i gang med å lesa denne boka utan å ha sett nøye på baksida. Dersom eg har noko talent for å seia kva bøker som er verdt å lesa basert på cover, må det ha feila fullstendig i dette tilfellet.
Kort oppsummert handlar boka om Jack som, etter eit uhell på laben, årsaka av ei ikkje spesielt smart (og frå første side ganske irriterande) søster, blir blåst inn i eit parallelt steampunk-univers, saman med den før nemnde søstera (korleis dette eigentleg går for seg blir ikkje problematisert). Dei to landar i lasterommet på luftskipet Tesla og møter der kaptein Olivia Pye og mannskapet hennar. Dramatikk og romantikk følgjer.
Eller ikkje ...
Eg likar grunnpremissane, ideen eller bakgrunnen om ein vil, for boka: eit parallelt univers med luftskipspiratar, eit britisk-prøyssisk imperium og krigerske moghular. Ei slag steampunk/alternativt univers/kontrafaktisk historie-blanding med klårt potensiale. Men så kjem historia, eller kanskje mangelen derav, og øydelegg det meste. For det skjer eigentleg ganske lite og det som skjer er verken spesielt truverdig eller spesielt engasjerande. Personane i romanen er fullstendig einsidige og framstår som reine karikaturar, noko som mest av alt gjer dei ganske slitsame. Som eksempel kan ein nemna den spanske Mr. Francisco, som gjennom heile boka har fullstendig tåpelege replikkar skrivne på ein engelsk som i mitt hovud gir han ein fransk aksent. Eit anna medlem av mannskapet, Mr. Llama skal liksom vera svært mystisk, sidan han stadig forsvinn og dukkar opp att ut av det blå, men dette blir aldri faktisk brukt til noko relevant, utbrodert eller forklart. Mange andre element lir av den same mangelen på relevans eller samanheng, og det verkar litt som om hendingane meir er eit bakteppe enn hovudpoenget med boka.
”Romance” er ikkje vanlegvis min sjanger, men sidan det her som nemnt dreia seg om billeg steampunk, valde eg å oversjå dette (i tillegg til den fjonge tittelen, som kanskje òg burde skrudd på visse varsellamper). Så mykje romantikk vil eg heller ikkje påstå at det er i denne boka. Sex derimot, er det masse av. Skikkeleg masse. Heile tida. Alt anna blir etter kvart eigentleg litt underordna, noko som kan forklara kvifor forfattaren ikkje får til noko karakterutvikling eller eigentleg historie på 350 sider.  
No kan ein seia at stempelet "Steampunk romance" nok stemmer, men heller enn mi opphavege tolking av dette som STEAMPUNK (romance), m.a.o. tilhøyrande sci-fi/fantasy-sjangeren, bør denne boka plasserast i same sjanger som kioskromanane med tvilsame titlar og bilde av eit halvnake par på framsida (sjå illustrasjon -> ).
Ein Shelfari-anmeldar skreiv om Steamed at ho har ”hollow, unbelievable characters who only exist so they can have sex within the first hundred pages”. Tykkjer det oppsummerer bra.
Slik eg las boka får ho 5 på nerdeterningen. Såpass snill er eg fordi eg likte ”universet” historia forgår i og fordi boka faktisk ikkje var verken så dårleg eller så uengasjerande at eg på noko tidspunkt vurderte å ikkje lesa ho ferdig (dette kan ha noko med å gjera at eg var i Frankrike utan tilgang til anna skjønnlitteratur då eg las ho, men trur uansett eg hadde komme til å lesa ho ut. Kan vel seiast at det er ein lettlesen tekst). Trur eg skal strekka meg til 10 på antiskalaen, for eit irriterande persongalleri (inklusive hovudpersonane) og mangelen på faktisk historie til fordel for detaljerte skildringar av masse sex. Dersom ein derimot startar på denne boka med ein ide om at ho er ein Harlequin-roman (eg legg òg til grunn her at ein gjer dette fordi ein faktisk har lyst til å lesa ein Harlequin-roman) kan det henda ho ikkje er så verst. Føler ikkje eg har nok erfaring med denne typen litteratur til å uttala meg om relativt kvalitetsnivå, men som nemnt har i det minste denne boka eit ganske originalt bakteppe, så det kunne vel trekka opp?

Dersom nokon skulle føla at dette var noko for dei føler eg eg bør nemna at det frå same forfattar finst ei lang liste andre fjonge titlar ein kan kasta seg over, m.a. Hard Day's Knight, Love in the Time of Dragons, Crouching Vampire, Hidden Fang og My Zombie Valentine.

6 kommentarer:

  1. Hihi - synes vel at bokens forside lyser Harlequinbok lang vei. Og med den tittelen og settingen - vel, boken høres ut som en hver kiosklitteraturelskers drøm, spesielt dersom man har en svakhet for den historiske varianten:-)

    SvarSlett
  2. Trur nok du har rett i det, ja. Merkar at det er litt vanskeleg for meg å gi terningkast til slike bøker. Denne er kanskje faktisk ganske god dersom ein er fan av sjangeren, men sidan eg absolutt ikkje er det blir det heile berre feil.
    Dog, eit interessant eksperiment. Alltid greit å lesa ei og anna bok frå sjangrar ein ikkje les til vanleg, sånn for variasjonen si skuld :)

    SvarSlett
  3. 20 kroner... Noen har vunnet på det kjøpet, og det høres ikke ut som det var deg. :)

    SvarSlett
  4. Trass den negative omtalen angrar eg faktisk ikkje på at eg las denne boka. Bakgrunnen for "historia" var jo ganske interessant. Dessuten hadde heile opplevinga (inkl. t.d. titlane på resten av forfattaren sin litterære produksjon) ein viss underhaldningsverdi :) Men eg kjem nok til å vera litt meir kritisk til blurbar (norsk ord? baksideomtale?), framsider o.l. framover.

    Viss eg hadde vore litt modigare trur eg òg det kunne vore underhaldande å ta ho med tilbake til FRETEX som indignert kristenfanatikar og skjelt ut Frelsesarmeen for å bidra til spreiinga av denne typen syndige tekstar ...

    SvarSlett
  5. Hihihi :) Det hadde vært ubetalelig. Og kanskje litt slemt mot de ansatte på Fretex...

    SvarSlett
  6. Etter å ha lest boken vil jeg nå klassifisere den som en middelmådig harlequin-roman. Og så får den trekk for å dikte opp Gluons - som da liksom skal være stoffet som binder sammen protoner og nøytroner. Om man ikke var skeptisk til forfatterens realfagskompetanse fra starten er dette definitivt nok til å diskreditere alle andre liksom-fakta i boken. Forfatteren burde definitivt jobbet mer med manuset - både den delen som skal være selve plottet og den delen som liksom skal være dampende. Slik det er nå skuffer forfatteren begge typer lesere. Slik den er nå er det faktisk mulig at den ble vurdert til å ha for lav kvalitet til å kunne utgis som harlequin-bok. 5 på nerdeterningen er nok mer enn godt nok for denne boken.

    SvarSlett