Med jamne, eller ujamne, mellomrom får eg det som kjent, eller ukjent, for meg at eg skal lesa ein klassikar. Det ha sine fordeler å ha lese ein del klassikarar: ein framstår som danna og utdanna, ein kan konversera/lesa/høyra om tekstane og forstå det som blir sagt om dei, og sist, men ikkje minst, ein kan med den autoriteten det gir å faktisk ha jobba seg gjennom boka, slå fast at ho er ræv.
I vår gjekk eg difor, dels med desse argumenta i bakhovudet, i gang med Emily Brontë sitt magnum opus: Wuthering Heights. Det er m.a.o. ei stund sidan eg las denne boka, men sidan eg no kan skriva ein omtale om to Brontë-syster-bøker på same tid, passa det meg best å gjera det slik.
For dei som måtte vera like uopplyste som meg, og difor ikkje kjenner historia i Wuthering Heights, kjem eg no med ei lita SPOILER-åtvaring. På den andre sida: dersom desse hypotetiske lesarane skulle ha ein boksmak som liknar min, er det ikkje sikkert dei gidd lese boka uansett etter denne omtalen ...
Begynte, mot betre vitande, på introduksjonen. Personen som hadde skrive den, hadde sjølvsagt følt det var naturleg å fortelja mykje av handlinga i boka, så eg hoppa over resten oglas han til slutt i staden, noko eg eigentleg burde visst at alltid er ein mykje betre plan. Ifølgje introduseraren er det ikkje måte på kor über- fantastisk denne boka er, men etter faktisk å ha lese ho, stiller eg meg ganske uforståande til heile introduksjonen.
Dette er ein typisk 1800-talsroman (i alle fall etter min definisjon på ein typisk 1800-talsroman): stort drama, lugubre menn og liksomromantikk. Likte boka hakket betre enn Jane Eyre, men det er nok mykje fordi Jane Eyre er ei av dei mest tvilsomme klassikarane eg veit om, og fordi eg, med systera Charlotte si bok i minne, hadde mildt sagt låge forventningar til Wuthering Heights.
For å raskt oppsummera innhaldet: Historia om Catherine og Heathcliff blir fortalt av ein tredjeperson som er fullstendig irrelevant for sjølve handlinga. Den fyrste delen, om Heathcliff og Catherine sin barndom og ungdom, inneheld obligatorisk mystisk opphav, foreldreløyse og vondskap. Catherine giftar seg med Edgar Linton, av grunnar eg har problem med å forstå, får ei dotter og døyr. Meir drama og liding. Heathcliff får ein son - på ingen måte tydeleg kor dette ber hen. Dei to unge blir meir eller mindre tvinga til å gifta seg, han døyr, og den alltid like koslege Heathcliff tvingar så Cathy til å bli buande. Ho er heilt "øydelagd" når forfattaren møter henne. Men så, etter meir fram og tilbake og vandring på heden, klarar ho mot alle odds å få styr på syskenbarnet sitt (ein stakkar som viser seg å ikkje vera så øydelagd som han verka, han heller), og dei lever lukkeleg alle sine dagar, etter at Heathcliff òg omsider døyr.
Klassisk 1800-talsromanse: uendeleg dramatikk, luguber liksomromantikk og den obligatoriske vandringa på heden, avrunda med ein tvilsom lukkeleg slutt.
Etter å ha teke ein liten pause for å komma meg att, gav eg meg i kast med den siste Brontë-systera, Anne, for å ha gjort unna heile familien ein gong for alle (skreiv broren noko?), om det så berre skulle vera for å slå fast at dei ikkje er noko for meg. Brontë-syster 2 heva ikkje akkurat forventningane til Brontë-syster 3, men det kan i dette tilfellet ha vore ein fordel. Agnes Grey er i alle fall den boka eg har likt best mislikt minst.
Dette er framleis 1800-tals "kvinnelitteratur", så hovudpersonen må sjølvsagt vera ei god, dydig og religøs ung kvinne, som i starten må gjennom ein del prøvingar, denne gongen i form av vekkskjemde dritungar og blinde, ubrukelege foreldre. Så blir det litt meir klassisk romanse over det heile: ung kvinne møter attråverdig (og djupt religiøs) mann, søt musikk, forviklingar, litt flaks, lukkeleg slutt. Uoriginalt, til tider ganske kjedeleg, men utan den overdrivne dramatikken og nokre av dei mest irriterande trekka ved dei andre systrene sine bøker.
Konklusjon: Dette er ikkje min sjanger, det visste eg frå før og eg har no fått det stadfesta. Vurderer likevel å lesa The Tenant of Wildfell Hall, den einaste andre boka Anne skreiv. Charlotte hindra denne i å bli utgidd på nytt etter Anne var død, fordi ho rekna boka som upassande. Kjenner eg ser på dette som eit potensielt kvalitets-stempel ...
Selv om det ikke er superfristende, så lurer jeg på om jeg skal bruke anledningen (sykemelding og ingen ting fornuftig å gjøre på) til å lese noe av disse søstrene, siden vi allerede har samlede verker i bokhyllen.
SvarSlettJeg har forresten lest litt i Jane Eyre før, fordi den gikk på tv og jeg gadd ikke vente én uke for å vite slutten.
Sjukemelding/juleferie (reknar med den eine glir over i den andre?) er nok eigentleg eit ypparleg høve til å prøva seg på litt "klassisk" litteratur.
SvarSlettSjølv om eg ikkje likte dei noko særleg, kan eg ikkje seia eg angrar på at eg las desse bøkene. Det er jo eit slag poeng i å kjenna forteljingane (kanskje spesielt for for alle fall for oss humanistar/kulturelitistar/generelle besserwissarar ...). Rett nok kan ein velja ein av BBC sine framifrå produksjonar dersom det berre er forteljinga som er poenget (eller ein kan lesa samandraget på Wikipedia - kjappare, men ikkje like underhaldande), men eg føler likevel at å ha lese boka gir ein tilfredsstillande tyngde når eg kritiserer ho :)
Desse bøkene er jo heller ikkje spesielt lange eller tunge til klassikarar å vera.
Hm, jeg likte Jane Eyre da jeg leste den, mens Wuthering Heights var en skuffelse fra siden 1 og en lidelse å komme gjennom. Agnes Grey har jeg stående ulest i bokhyllen.
SvarSlettSelv har jeg jo fremdelse til gode å lese ferdig The Mysteries of Udolpho, men kanskje 2012 er året for fullføring av det prosjektet? I teorien har jeg i hvert fall et hav av tid når jeg bare har fått levert den hersens oppgaven...
Eg er ganske imponert over at du i det heile teke hugsar kva Mysteries handlar om, med såpass lange pausar i lesinga. Forventar ein grundig gjennomgang her åp bloggen når du eingong blir ferdig.
SvarSlettTrur, som sagt, at erfaringa med Jane Eyre var mykje av grunnen til at eg ikkje reagerte veldig negativt på Wuthering Heights. Eg likte eigentleg ikkje boka, men vart i det minste ikkje skuffa, sidan ho var ganke nøyaktig slik eg hadde sett for meg at ho skulle vera. Dette i motsetnad til Jane Eyre, som eg (optimistisk nok) hadde atskilleg høgare forventningar til ...
Hm, ja jeg likte jo som sagt Jane Eyre og hadde på forhånd hørt mye bra om Wuthering Heights, så det er mulig fallhøyden var noe større...
SvarSlettSelvsagt husker jeg handlingen i Mysteries of Udolpho - den har jo både utfyllende beskrivelser og spenningsmettet handling. Det er en bok man sent vil glemme;-P