lørdag 26. juli 2014

Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Birgisson



"Denne boka trur eg du vil like," sa mamma, og i dette høvet, som eigentleg altfor ofte elles, skulle det vise seg at mamma hadde rett. Boka er forma som eit langt brev. Brevet er skrive av den tilårskomne sauebonden Bjarne, og er, slik tittelen indikerer, eit svar på eit brev frå Helga. Dette brevet mottok Bjarne mange, mange år tidlegare, men han har ikkje fått seg til å svare på det før no. I brevet prøver Bjarne å svare for dei vala han ein gong tok og han søkjer å forklare kvifor ting vart slik dei vart. Bjarne tek mange avstikkarar i skrivinga si og fortel om stort og smått i lokalsamfunnet. Slik gjev brevet ikkje berre eit innblikk i livet til Bjarne og forholdet mellom dei to brevskrivarane. Me får òg skildringar av bygdelivet på Island før allslags nymotens greier gjorde seg altfor gjeldande. Som det står bakpå boka, handlar Svar på brev frå Helga både om den tapte kjærleiken  og om ein
tapt kultur.

Boka  handlar dessutan òg ein del om det Bjarne refererer til som paringstida i livet sitt. Sexskildringane er ikkje veldig detaljerte, men dei er tidvis ganske direkte og dei er mange. Dei som er litt vare for slikt, er med dette åtvara. Sjølv måtte eg sjå vekk frå boka ved eit par høve, noko eg trur er lesinga sitt svar på å gøyme seg bak ei pute. Eg vil likevel ikkje seie at boka renn over av umotiverte sexskildringar. Dei har sin funksjon i forteljinga og er ein del av historia om Bjarne og Helga.

Boka er omset til norsk av Johannes Gjerdåker. Han har gjort ein kjempejobb! Språket i boka er utruleg godt! Reint språkleg er dette kanskje den beste nynorsken eg har lese nokon gong. Samtidig står språket særs godt til eg-personen. Eg trur på at dette er språket til ein gammal mann frå landsbygda som er skeptisk både til dei nye tidene og til folk utanfrå. Språket har noko nesten litt arkaisk over seg samtidig som det er traust og direkte. Dette er ein mann av den gamle skulen. Her er det ikkje mykje fjasing og fjonging, nei. Likevel  flyter språket godt  og det er noko nesten poetisk i skildringane, anten det no er snakk om naturen og garden og sauene, eller det er tale om kjærleik og det som ikkje vart og forholdet mellom Bjarne og Helga, eller igjen meir eller mindre kvardagslege historier frå bygda og om naboane. 

Svar på brev frå Helga er ei relativt kort bok, berre så vidt hundre sider. Ho er velskriven og lett å lese. Eg las ho ut på nokre timer, litt av di ho er lettlesen og kort, men òg av di eg tykte ho var vanskeleg å legge i frå meg. Det er driv i forteljinga. Eg ville vite korleis det gjekk. 

Nerdeterningskast: 18. Minst!

2 kommentarer:

  1. La meg først uttrykke min glede over ny anmeldelse fra e! :D Og la meg så uttrykke mitt ønske om å låne denne boken!

    SvarSlett
  2. Strengt tatt ikkje mi bok, men det lar seg nok gjere :)

    SvarSlett