torsdag 26. mars 2009

O lykke!

Stakk innom Studia i går på veg til lesesalen, nok eg veit ikkje er ein god idé for lommeboka, men eg har vore der såpass mykje i det siste og dei får inn nye interessante ting såpass sjeldan at eg tenkte det skulle gå bra. Dengang ei. Mammutsalet er slutt, men ikkje heilt. Studia har no halv pris av Mammutpris på det som er att av bøker, og då begynnar det jo å hjelpa på. Hovudproblemet mitt med Mammutsalet (når ein ser vekk frå at det, som dei fleste bokhandlar i Noreg for tida, lir under eit altfor stort utval av krim og "hobby"-bøker, og altfor lite klassikarar, litteratur på andre språk og generelt bøker for andre enn plebeiarar) er at mange av bøkene dei har på sal er innbundne. Jaudå, dei er skikkeleg nedsette i forhold til originalprisen, men eg treng jo ikkje kjøpa boka til 119 kroner på sal når eg kan kjøpa pocketutgåva for 99,- til vanleg! No er derimot dei fjonge innbundne bøkene nede i ein pris som er godt under vanleg pocketpris (betalte frå 45 til 65 kroner) og då er det er verd det. Problemet er at når det bli så billegg forsvinn stort sett alle dei hemningane som enno overlevde det vanlege Mammutsalet, for til slike prisar er det jo ikkje så nødvendig at boka er superfantastisk...
Anyways, tenkte eigentleg berre eg skulle opplysa om salet, dersom andre enn meg skulle ha bruk for å svi av litt ekstra pengar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar