
Boka er delt i 10 kapittel som kvart tek for seg eit aspekt av sosiolingvistikken: språk og samfunn; sosial klasse; etnisitet; kjønn; kontekst; sosial samhandling; nasjon; geografi; kontakt; menneskeheit. Ho er ei fin innføring i emnet, oversiktleg og grei, dekkar det meste på ein forståeleg måte utan å gå inn på altfor mange detaljar, men samtidig utan å få altfor sterkt harelabbpreg. Eit bra val både dersom ein berre skal lesa ei bok heile livet om sosiolingvistikk, men òg dersom ein vil ha ei innføring å byggja vidare på.
Forfattaren, Peter Trudgill, er ein av dei mest kjende namna innan sosiolingvistikk og dialektologi (for dei som kjenner namn i sosiolingvistikk og dialektologi...) og har mellom anna forska på norske dialektar. Eg har etter kvart gjort det til ein vane når eg finn ei ny bok på dette feltet å fyrst slå opp i det alfabetiske registeret (dersom det ikkje skulle finnast alfabetisk register kan boka gløymast med det same - det burde finnast lover mot å gi ut fagbøker utan register!) og sjekka det som måtte stå om Noreg og norske språkforhold. I overraskande mange tilfelle finst det faktisk eit par referensar til Noreg eller norsk og i litt for mange av tilfella endar eg med å tenka "hmmm... ja, okei, men.... nei, det er ikkje eigentleg heilt slik det er, for tenk". Nokre gonger dreier det seg berre om sterk overforenkling, andre gonger er infoen heilt feil. Og alt dette snakket for å komma fram til at jau, Trudgill har òg med eksempel frå Noreg, og sjølv om dei er betre enn dei fleste andre eg har vore borti (han er t.d. hakket mindre uklår (men, dog, uklår) når han skal forklara forholdet mellom nynorsk og bokmål enn utanlandske lingvistar, og for den del norske, pleier vera), har dei svakheiter. For eksempel skriv han at norske born er mindre truande til å bruka høfleg tiltale (i.e. "De") til læraren enn tyske born er. Det stemmer nok, mest fordi eg ikkje kan sjå føre meg ein norsk unge i 2009, eller for den saks skuld i 2000 då mi utgåve av boka kom ut, som ville kalla nokon som helst "De". Kanskje i 1974 då boka vart publisert for fyrste gong, men er ikkje nye utgåver ein mulegheit til å retta opp forelda materiale?
Ifølgje Marianne (min tidlegare sosiolingvistikkførelesar, og kanskje ein av dei beste førelesarane eg har hatt) har Trudgill vore på besøk på UiB opptil fleire gonger i samband med undersøkingane sine i Noreg. Dette var derimot ei stund før mi tid... Har ein personleg mistanke om at dei fleste av erfaringane hans her til lands ligg tilbake på 70-talet ein gong. Uansett, dersom ein ser vekk frå at materialet hans ber litt preg av å vera forelda må ein seia at Trudgill sin presentasjon av norske språkforhold er langt over gjennomsnittet. Det skin dessutan igjennom at han er ikkje så lite imponert over den norske toleransen for språkleg variasjon og dialektbruk, og at han meinar andre burde fylgja Nores sitt eksempel på dette området.
Likar eigentleg ikkje å gi terningkast og slikt, tykkjer det er frykteleg vanskeleg å bestemma meg og har helst lyst til å gi masse poeng til alle (enda ein grunn til at eg ikkje bør bli lærar, i tilfelle ein skulle trenga fleire liksom), men føler eg kan strekka meg ganske høgt med denne. Heilt til ein 19 kanskje... Det skal understrekast slik heilt til slutt at i tillegg til at det er ei stund sidan sist eg las heile denne boka ,er terningkastet sterkt påverka av eigne preferansar, småsære interesser, fascinasjon for dialektologi osb. Uansett, spreiing av eigne subjektive (småsære og spekulative) meiningar må vel vera ein av hovudgrunnane til å ha ein bokblogg?'
PS: Kan nemna at Trudgill og Chambers si bok "Dialectology" òg er å anbefala dersom ein skulle vera interessert i det temaet (denne er ein del av den raude Cambridge Textbooks in Linguistics serien). Trudgill har dessutan skrive og/eller redigert mange bøker eg ikkje har lese, m.a. ei som heiter "Language Myths". Denne verkar i utganspunktet interessant, men etter å ha bladd litt i kapitla har eg komme fram til at ho synest å vera eit forsøk på å avskaffa ein del myter om språk som eg personleg meinar folk må vera dust for å tru på. Eg tek dette som eit teikn på at det dreiar seg om den typen bok ein ikkje bør lesa med for mykje bakgrunnskunnskap om emnet...
Haha, jamfør Language Myths så er det mulig at det er du som overvurderer folk flest - man skulle ikke tro det, men det finnes folk der ute som tror alt mulig rart... Og ja, nye utgaver/opplag pleier å bli benyttet til å oppdatere info og legge til nok et forord som omhandler alt man har endret på - i hvert fall når det er snakk om fagbøker.
SvarSlettJepp, det var det eg tenkte: oppdatering og forordakkumulering. Men han har vel kanskje trappa ned på feltarbeidet på sine eldre dagar (ikkje at eg held det mot nokon å prøva å unngå feltarbeid) og så har han ikkje funne noko å oppdatera den biten med...
SvarSlettHar hatt for vane å overvurdera folk flest, men i det siste har eg lete fordommane mine fått litt friare spelerom og generelt gått inn for å ikkje ta noko som helst for gitt når det gjeld gjennomsnittleg IQ og fatteevner. Meinte vel eigentleg at boka sikkert er spennande nok for "folk flest" og kan henda òg for folk som ikkje er så langt over gjennomsnittet opptekne av språk, men eg er ikkje sikker på om eg skal lesa ho sjølv.