fredag 31. juli 2009

An Atlas of Impossible Longing

Har utsett lenge å skriva om denne boka av Anuradha Roy, delvis på grunn av at eg har vore oppteki med andre ting, men mest fordi eg ikkje heilt har klart å bestemma meg for kva eg tykkjer om ho. Nokre gonger treng eg litt avstand, litt tid til å bearbeida, før eg klarar å gjera reie for inntrykket mitt. Har omsider funne ut at viss eg skal skriva noko om denne romanen er det er på tide, elles kjem eg til å gløyma alt (korttidsminneforening- æresmedlem...).
Anyways... Då eg først såg denne boka trudde eg at ho var skrevi av Arundhati Roy - kanskje litt ynskjetenking sidan eg har venta i fleire år på ein ny roman frå forfattaren av
The God of Small Things. Vart nok litt skuffa då eg oppdaga at dette ikkje var tilfelle, men fann ut at eg skulle gi boka ein sjanse uansett. Det var nok desverre ikkje noko heldig for denne boka å bli samalikna med ein av mine absolutte favorittbøker. Både forteljinga og skrivestilen er hjå Anuradha Roy mykje mindre utfordrande og original enn hjå nestennamnesystera. Det finst nokre verkeleg fine avsnitt som heva forventningane mine, språket er OK, nokre gonger til og med over middels, men det er likevel ikkje nok. Historia som blir fortald er av det gjennomsnittlege slaget, og inneheld dessutan nokre fryktleg irriterande element som eg kanskje (eller kanskje ikkje) ville klart å ignorera i ei betre bok. Med litt avstand i tid til lesinga, er det dessverre desse elementa eg hugsar best, ikkje dei meir interessante delene av boka. Eit lovande "sidespor" forsvinn i bokstaveleg tala i ingenting, og hovudpersonane gjer etter kvart val i liva sine som viska ut det meste av sympatien eg måtte ha for dei.
Ikkje slik å forstå at boka er dårleg. Slett ikkje. Ho var engasjerande nok til å halda på merksemda mi (las ho på to dagar), og på rett tidspunkt, når ein er i rett humør, kan ho vera ganske god underhaldning, som ein litt over middels romantisk komedie, komplett med oppvekstforteljing, familiedrama, eksotisk bakgrunn, eksentriske karakterar og (noko anstrengd) happy ending. For min del slit ho nok ufortent med samanlikning med Arundhati Roy.

3 kommentarer:

  1. Det er liv i bokbloggen :D Jeg skal snart komme med en ny anmeldelse!!

    SvarSlett
  2. Litt tvilande til om eg greier å gi terningkast til denne boka så pass lenge etter at eg las ho. Har lyst til å gi ulike kast til ulike deler eller aspekt... Kanskje eg kan strekka meg til å gi karakteren G.

    SvarSlett