søndag 27. desember 2009

Steinbeck: Om mus og menn


Generelt tykkjer eg ikkje bøker skal vera triste og kjipe (kjip her i tydinga "kjipe ting skjer med personane", ikkje "dårleg skrive"). Kva grunnar andre måtte ha for å lesa skjønnlitteratur skal eg ikkje uttala meg om, men personleg les eg ikkje for å bli deprimert. Samtidig er eg ikkje fan av bøker med typisk hollywoodsk happy ending (a la An Atlas of Impossible Longing). M.a.o. meinar eg det må stillast litt krav til korleis ein forfattar vel å avslutta ei forteljing, og "trist og kjip"-faktoren til ei bok må stå i forhold til den litterære standarden (jo høgare standard, jo meir "trist og kjipheit" kan eg takla, jf. The God of Small Things).
Om
mus og menn må reknast som ei bok i nettopp kategorien "trist og kjip", noko som ikkje kjem som ei overrasking når forfattaren heiter John Steinbeck. Har lese Vredes druer av same forfattar tidlegare, ei bok som kanskje er enda tristare og kjipare, men som eg likevel likte betre enn denne. Sidan eg kjende både forfattaren og historia før eg las boka (slik er det jo gjerne ed såkalla klassikarar), kom den deprimerande slutten ikkje som noka overrasking. Dessutan er dette den typen bok der slutten kjennest uunngåeleg - boka kunne ikkje enda på nokon annan måte. Likevel kjem ein ikkje utanom at det heile er ganske så traurig.
Eg har ofte litt problem med å leva meg inn i romanar som handlar om personar eg ikkje klarar å identifisera meg med, og hovudpersonane i denne boka er gode eksempel på akkurat dette, noko som nok bidreg sterkt til mitt litt lunkne forhold til boka. Har aldri vore spesielt fascinert av bøker om meir eller mindre tilbakeståande individ (sjølv om desse visstnok skal vera geniale i nokre tilfelle, som skildringar av samfunnet frå synspunktet til ein som står utanfor osb. osb....), og, som tidlegare nemnt, er eg heller ikkje så begeistra for bøker der det meste er trist og leit.
Vanlegvis les eg ikkje norske omsetjingar av engelskspråklege romanar, men sidan eg fann den norske utgåva i bokhylla heime vart det til at gjorde det slik i dette tilfellet. Dette var nok ikkje ei spesielt god avgjersle. Det er alltid utfordrande for ein oversetjar å setja om slang og dialektbruk frå eitt språk og tilhøyrande sosial kontekst til eit anna, og eg seier ikkje at denne omsetjaren ikkje har valt det beste alternativet som var tilgjengeleg. Likevel klarar eg ikkje å lata vera å bli litt distrahert av dei austnorske "folkelege" uttrykka i boka. Hugsar ikkje no når ho vart omsett til norsk, men slike former blir jo òg ofte fortare daterte enn standard skriftspråk, noko som bidreg til den distraherande effekten.
Av Wikipedia blir Om mus og menn kalla ei "novella". Den utgåva eg las var på ca. 140 sider, men det var med illustrasjonar og skriftstorleik "diger". Boka kan m.a.o. glatt lesast på ein dag, om ein skulle føla det var naudsynt. Eg las halve den dagen eg begynte, og så tok det meg fire månadar å arbeida opp viljen til å lesa den andre halvdelen.
Eg innser at det eg har skrive så langt gir eit temmeleg negativt inntrykk av boka, men dette er ikkje heilt fortent. Det eg likte best ved Vredens druer var Steinbeck sine skildringar av miljø, landskap og scener, som små stilleben i teksten (dette var grunnen til at eg las boka i utgangspunktet, sidan fyrste kapittel vart introdusert for oss på ungdomsskulen som eit kroneksempel på sjangeren "skildring"). Desse skildringane finn ein i Om mus og menn òg, men det blir liksom ikkje heilt nok til å gjera boka spesielt interessant.
Trass ein ganske negativ omtale: terningkast midt på treet, lat oss seia 10. Likte skildringane og eigentleg historia når eg ser tilbake og tenkjer på ho under eitt, men tykte boka var ganske kjip å lesa. Anbefalar heller Vredens druer til dei som måtte vera i humør til fantastiske skildringar og ei historie med særs høg "trist og kjip"-faktor.

4 kommentarer:

  1. Jeg har aldri lagt skjul på at en av mine favorittbøker/bokserier er Hellemyrsfolket, og må vel derfor anses som et stort fan av trist&kjip... Legger meg anbefalingen på minnet. Skal se hva jeg får tid til når jeg har arbeidet meg gjennom bokfjellet som venter på å bli lest. Det må vel gå i en fei nå når jeg har så god tid til lesing...

    SvarSlett
  2. I trist of kjip sjangeren vil jeg gjerne anbefale Kilden av Gabriel Scott (handler om en fattig anderledesperson på det blide (her ikke fullt så blide) sørland).

    SvarSlett
  3. Hellemyrsfolket (dvs. Sjur Gabriel, som er den einaste eg har lese) skårar for min del himmelhøgt på antiskalaen :)
    Vredens druer er verd å lesa, i alle fall tykte eg det då eg las ho, men det begynnar jo å bli ei stund sida...

    SvarSlett
  4. "Vredens druer" står faktisk i min bokhylle og bare venter på å bli lest. Kanskje den snart skal få lov til å komme ut av bokhyllen. Foreløbig prøver jeg å trykke meg gjennom "Sataniske vers" (ble inspirert av innlegget om forbudte bøker), men det er vanskelig så lenge man venter på å få nye bøker og blir litt svimmel av ord i rekkefølge.

    SvarSlett