
The Library at Night
er skriven av Alberto Manguel, ein verdsborgar og polyglott som likar å skriva bøker om bøker. Dette er fyrste boka eg les av han, men eg har hatt En historie om lesning ståande i hylla ei stund (sannsynlegvis frå eit Mammutsal), mend planar om snarleg lesing. Boka handlar, overraskande nok, om bibliotek. Aller mest kanskje om forfattaren sitt personlege forhold til bibliotek og bibliotek gjennom historia. Manguel fortel om historiske hendingar og personar (som t.d. Melvil Dewey, mannen bak desimalklassifikasjonen), personlege erfaringar og minner. Biblioteket, det personlege og det offentlege, som bygning og som institusjon, går som ein raud tråd gjennom det heile og knyter det saman.
 |
State Library, Sydney |
Boka begynner med tårnet i Babel og biblioteket i Alexandria, men ho har ikkje den typisk kronologiske framstillinga til ei historiebok. I kvart kapittel tek forfattaren utgangspunkt i eit tema (f.eks. biblioteket som myte, som identitet eller som form) og teksten blir ei slag personleg tankerekke. Ikkje slik å forstå at dette er ein vanskeleg tilgjengeleg stream-of-thought-tekst, men stilen og språket er heller ikkje det ein vil finna i ein gjennomsnittleg kioskroman…
 |
Tama Art University Library, Tokyo |
Som den boknerden eg er, likte eg spesielt godt delane som skildrar den konkrete sorteringa og plasseringa av bøker i eit bibliotek. Manguel er heldig nok til å ha eit heilt eige hus til bøkene sine, og han eig ei mengd og eit mangfald dei fleste av oss vil misunna. Likevel kjenner eg meg att i problemstillingane hans: bøker kan sorterast etter altfor mange ulike kriterium, men det blir vanskeleg å velja eitt når ein er van med å bruka mange og dessutan har ei slag kjensle av at nokon bøker høyrer saman og bør stå på same stad utan at ein kan forklara det på noko logisk måte for andre som måtte luska mellom bokhyllene. Manguel har valt ei anna løysing enn meg når det gjeld plassering av bøker på ulike språk, men det var likevel moro å lesa om eit såpass nerdete, men personleg tema, som eg aldri hadde førestilt meg eg skulle finna i ei bok.
Boka inneheld dessutan, blant dei ganske omfattande illustrasjonane, eit bilde frå det gamle biblioteket ved Universitat de Barcelona. Denne bygningen er no stengd for dei fleste (ein må ha ein god grunn og spesialløyve for å komma inn), men eg var heldig nok til å ha ein førelesar som tok oss med på omvising der då eg studerte i BCN og eg tykte difor det var spesielt moro å finna akkurat dette bildet.
 |
Geisel Library, San Diego |
Eg las denne boka på nokre få dagar og tykkjer det er ei av dei beste bøkene eg har lese på lenge. Eg vil likevel ikkje tilrå ho utan atterhald. Dette er absolutt ei ”for spesielt interesserte”-bok (ser at dette er noko eg har skrive om stort sett alle bøkene eg har omtala i det siste, men det er like fullt sant) og sjølv om eg tykte ho i det store og heile var ganske fantastisk ser eg for meg at det er mogleg å mislika Manguel sin skrivestil, spesielt viss ein er litt allergisk mot det noko høgtflygande filosofiske. Terningkast 18.
På et tidspunkt kommer jeg til å liste meg inn på biblioteket (yei!) og tjuvlåne denne boken... Så er du advart...
SvarSlettOooo, en bok om bøker!!! :D
SvarSlettAlltid ein slager :)
SvarSlett