torsdag 7. oktober 2010

Nobelprisen 2010


Så vart det, overraskande for mange om ein skal dømma etter oddsa i går kveld, peruanaren Mario Vargas Llosa som fekk nobelprisen i litteratur i 2010. Eg har faktisk aldri lese noko av Vargas Llosa (litt usikker på korleis eg har klart å unngå det etter år med spanskstudiar), men har Paradiset på det andre hjørnet ståande både på hylla og på skal-snart-lesa-lista. No må eg vel slenga meg på bølgja...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar