
Boka er skriven i brevform. I byrjinga var dette eit lite irritasjonsmoment, men etter dei fyrste tre-fire sidene, gjekk det heilt fint. Over alle breva står det kven som er mottakar og avsendar, slik at det er enkelt å fylgje med.
Hovudpersonen i boka er Juliet, ein forfattar på jakt etter eit tema for ei ny bok. Handlinga er lagt til Storbritannia rett etter andre verdskrigen. Ein dag får Juliet eit brev frå ein mann som no eig ei bok ho har eigd før. Ho har skrive namnet sitt i boka, som er ei Charles Lamb, og no skriv han til henne for å høyre om ho veit om fleire bøker av same forfattar. I brevet fortel han òg om korleis han vart interessert i litteratur, og nemnar i den samanhengen The Guernsey Literary and Potato Peel Pie Society. Juliet vert nyskjerrig, og skriv tilbake. Dette er byrjinga på ei brevveksling mellom Juliet og ei noko brokete og eksentrisk samling øybuarar.
Om ein skal vere ein sur og grinete og vanskeleg og teit bokmeldar, så kan ein jo peike på at den engelske landsbyen fylt med meir eller mindre smårare snålingar, moglegvis har noko lett klisjèfylt over seg. Ein kan òg nemne at nokre av personane, dei det er meininga at me ikkje skal like, kan oppfattast som bittelitt eindimensjonale. Vidare kan ein kritisera Juliet sin konstante “perkyness”, og at boka er både fluffy og i store trekk ganske føreseieleg. Det gidd eg ikkje. Eg er nemleg korkje sur eller grinete eller vanskeleg eller teit. Ho er søt, boka altså, ferdig med det. Dessutan likar eg smårare snålingar. Ei bok som i stor grad handlar om bøker og litteratur og det skrivne ordet, kan jo heller ikkje berre vere boss og søppel. Så berre sett dykk framfor peisen med eit heimestrikka pledd om akslane og ein småblomstra tekopp innan rekkevidde, gjerne ein kveld det regnar og de ikkje har noko betre å ta dykk til, og kos dykk med denne. Hugs dei rosa brilleglasa. Terningskast… Tja… ca 15.
Kvifor kan ikkje eg skrive så godt nynorsk som du gjer?
SvarSlettDrista meg til å laga ein ny etikett sidan eg sjølv er ganske glad i sjangeren bøker-om-bøker og tenkte det kunne vera ei grei inndeling.
SvarSlettMuleg eg skal vurdera denne neste gong eg treng ein bokversjon av den romantiske komedien (som etter min definisjon ikkje treng vera verken romantisk eller komedie, men meir generelt ein type lett underholdning). Og det gjer ein jo stadig vekk.
Z: Trur det er trening som gjeld. Berre å slå seg laus :)
Hm, liker bøker skrevet i brevform - kanskje jeg burde lese denne...
SvarSlett