Dette er ikkje akkurat ein thriller, men dersom ein har lese noko om denne boka på førehand (ev. omslaget) reknar ein vel heller ikkje med så mykje futt og fart. Dette kan vel kanskje kallast ei “djup” bok, stort sett hovudpersonen som tenker og ser tilbake på livsendrande hendingar i barndommen. Sidan dette var det eg hadde venta meg, og eg var i humør til å lesa denne typen bok då eg las ho, tykte eg absolutt dette var verd lesinga. Likte skrivestilen, forteljarstile og forteljinga (sjølv om eg på ein måte er litt irritert over moment eg ikkje skal avsløra).
Bilde: Ola Kielland-Lund |
Har sett litt på det folk på Shelfari har skrive om boka – dei fleste er utlen-dingar og ser på dette som ei litt eksotisk og veldig norsk bok. Skrivestilen blir tolka som spesielt norsk (“sparse” er eit ord som går att), noko eg tykkjer er litt vanskeleg å seia noko om, sidan eg trass alt har lese masse norsk litteratur og mykje av det er veldig forskjellig frå denne boka, men noko er det kanskje i det. Kanskje spesielt samanlikna med litteratur på romanske språk har vel norsk ein tendens til å vera noko meir “sparsamt”. Elles er det mange som ser parallellar mellom den litt dystre, knappe og melankolske stilen og naturskildringane i boka. For meg blir naturen berre vanleg norsk natur, så dette gjer sikkert sterkare inntrykk på folk som ikkje er vane med norsk utmark. Kan likevel sjå føre meg ein skulestil/særemne om denne boka, med vekt på “parallellar mellom natur-skildringane og hendingane som formar hovudpersonen sitt liv” …
Eg er vanlegvis skeptisk til å lesa bøker som har vore veldig haipa, men samtidig tenker eg ofte at eg les for lite norsk (samtids-)litteratur og har pinleg lite å komma med når utlendingar spør. Dessutan ikkje så ofte ein norsk forfattar (som ikkje skriv krim) får såpass mykje merksemd langt utover landegrensene, så eg tenkte det var verd å finna ut om all rosen har noko føre seg. Og det har han.
Har, som vanleg, litt problem med å bestemma meg for terningkast, men trur eg hamnar på 17.
Har vært veldig skeptisk til å lese denne boken, men hvis den faktisk er så bra som alle skal ha det til er den vel verdt et forsøk. Kanskje jeg skl sette den på leselisten for neste år - ser nemlig for meg at jeg får god tid til lesing og slikt da.
SvarSlett