søndag 6. mars 2011

Stille aust-tysk gate

Sidan eg ikkje har lese meir enn nokre få avsnitt i Bergen-gaiden på tysk sidan vidaregåande var eg i utgangspunktet litt usikker på om det å setja i gang med ei heil bok var ein god idé.Sidan eg likevel følte det var på tide å friska opp, dersom eg nokon sinne skulle redda det som måtte vera att av skuletysken min, sette eg i gang med ei av dei (noko ambisiøst anskaffa) tyskspråklege bøkene som står i biblioteket. Nokre sider inn i Stille Zeile Sechs av Monika Maron var eg ganske sikker på at eg hadde teke meg vatn over hovudet, men forteljinga var engasjerande nok til at eg heldt fram. Og sjølv om eg ikkje kan påstå at tysken min er i nærleiken av flytande - han er nok ikkje eingong på eit nivå der eg ville teke på meg å lesa ein roman utan ordliste - så vart lesinga faktisk lettare etter kvart, og eg tok meg sjølv til slutt i å nyta det, frå ein norsk ståstad, noko bakvendte og omstendelege, og med undersetningar, så vel jamstelte som på ulike nivå underordna, og elles spennande setningskonstruksjonar, tett bestrødde språket.
Stille Zeile Sechs betyr, for den ikkje-tysktalande, noko slikt som Stillegata 6; det er m.a.o. ei adresse. Boka handlar om Rosa Polkowski, ca. 40 år gammal historikar i Aust-Berlin i midten av 80-åra, sm har sagt opp jobben sin fordi ho har bestemt seg for at ho ikkje lenger vil tenka for pengar. Beerenbaum, ein gammal, tidlegare mektig mann i kommunistpartiet, tilbyr ho betaling for å skriva ned memoirane hans medan han dikterer. Ho er i utgangspunktet fast bestemt på at denne jobben ikkje skal innebera tenking, berre enkel diktat, men etter kvart blir det vanskelegare og vanskelegare for ho ikkje å ta til motmæle mot synet på historia som kjem til uttrykk gjennom Beerenbaum si forteljing.
Stille Zeile Sechs kom fyrst ut i 1991 og tematiserer kommunismen si stilling i etterkrigstidas Aust-Tyskland og spenningar mellom ulike generasjonar sitt syn på historia. Dette er ikkje ei handlingsspekka bok, men trass litt startvanskar og behovet for ordliste tok det meg berre ein vekes tid å lesa ho ut, mykje fordi eg vart ganske engasjert. Handlinga hoppar gjennom heile boka fram og tilbake i tid, mellom Beerenbaum si gravferd og Rosa sine minner, utan at eg følte at eg mista tråden eller på noko tidspunkt irriterte meg over at historia vart avbroten.
Kort oppsummert er dette faktisk ei av dei beste bøkene eg har lese i det siste: 18 på terningen.  

(Boka er ikkje omsett til norsk, men finst på engelsk med tittelen Silent Close No. 6. Omsetjinga har eg ikkje sett, så språket i denne kan eg ikkje gå god for.)

4 kommentarer:

  1. Utrolig imponert over pågangsmot og stayerevne! Kanskje jeg må se om jeg får tak i den engelske versjonen... Eller kanskje jeg rett og slett må lete fram igjen Monsieur Ibrahim et les fleurs du Coran, som var mitt prosjekt en gang i tiden... Hmmm, får se om jeg får ånden over meg. Er litt lesetørke hos meg for tiden... Usj...

    SvarSlett
  2. Ja du veit, stayerevne er fundamentalt i litteraturen! Kjenner meg som reine sportsutøvaren.
    Tykkjer du skal dra fram att Ibrahim (og lesa den engelske verjsonen av denne boka, for så vidt). Så kan du jo anbefala eller avbefala etterpå. Har ein slags ambisjon om å bli god nok til å lesa romanar på fransk òg. Men om ein skal dømma etter kor lenge eg hadde planlagd å lesa ei bok på tysk før eg kom i gang, så blir det nok ei stund til ...

    SvarSlett
  3. Hvis jeg noensinne skal komme meg gjennom en bok på fransk må det nok gjøres gjennom kollokvier der alle har prøvd seg på å oversette noen sider og man så i fellesskap kommer frem til riktig oversettelse...

    SvarSlett
  4. Høyrest jo faktisk ut som ein god idé til ein helgeaktivitet.

    SvarSlett