Med jamne, eller ujamne, mellomrom får eg det som kjent, eller ukjent, for meg at eg skal lesa ein klassikar. Det ha sine fordeler å ha lese ein del klassikarar: ein framstår som danna og utdanna, ein kan konversera/lesa/høyra om tekstane og forstå det som blir sagt om dei, og sist, men ikkje minst, ein kan med den autoriteten det gir å faktisk ha jobba seg gjennom boka, slå fast at ho er ræv.
I vår gjekk eg difor, dels med desse argumenta i bakhovudet, i gang med Emily Brontë sitt magnum opus: Wuthering Heights. Det er m.a.o. ei stund sidan eg las denne boka, men sidan eg no kan skriva ein omtale om to Brontë-syster-bøker på same tid, passa det meg best å gjera det slik.
For dei som måtte vera like uopplyste som meg, og difor ikkje kjenner historia i Wuthering Heights, kjem eg no med ei lita SPOILER-åtvaring. På den andre sida: dersom desse hypotetiske lesarane skulle ha ein boksmak som liknar min, er det ikkje sikkert dei gidd lese boka uansett etter denne omtalen ...
Begynte, mot betre vitande, på introduksjonen. Personen som hadde skrive den, hadde sjølvsagt følt det var naturleg å fortelja mykje av handlinga i boka, så eg hoppa over resten oglas han til slutt i staden, noko eg eigentleg burde visst at alltid er ein mykje betre plan. Ifølgje introduseraren er det ikkje måte på kor über- fantastisk denne boka er, men etter faktisk å ha lese ho, stiller eg meg ganske uforståande til heile introduksjonen.
Dette er ein typisk 1800-talsroman (i alle fall etter min definisjon på ein typisk 1800-talsroman): stort drama, lugubre menn og liksomromantikk. Likte boka hakket betre enn Jane Eyre, men det er nok mykje fordi Jane Eyre er ei av dei mest tvilsomme klassikarane eg veit om, og fordi eg, med systera Charlotte si bok i minne, hadde mildt sagt låge forventningar til Wuthering Heights.
For å raskt oppsummera innhaldet: Historia om Catherine og Heathcliff blir fortalt av ein tredjeperson som er fullstendig irrelevant for sjølve handlinga. Den fyrste delen, om Heathcliff og Catherine sin barndom og ungdom, inneheld obligatorisk mystisk opphav, foreldreløyse og vondskap. Catherine giftar seg med Edgar Linton, av grunnar eg har problem med å forstå, får ei dotter og døyr. Meir drama og liding. Heathcliff får ein son - på ingen måte tydeleg kor dette ber hen. Dei to unge blir meir eller mindre tvinga til å gifta seg, han døyr, og den alltid like koslege Heathcliff tvingar så Cathy til å bli buande. Ho er heilt "øydelagd" når forfattaren møter henne. Men så, etter meir fram og tilbake og vandring på heden, klarar ho mot alle odds å få styr på syskenbarnet sitt (ein stakkar som viser seg å ikkje vera så øydelagd som han verka, han heller), og dei lever lukkeleg alle sine dagar, etter at Heathcliff òg omsider døyr.
Klassisk 1800-talsromanse: uendeleg dramatikk, luguber liksomromantikk og den obligatoriske vandringa på heden, avrunda med ein tvilsom lukkeleg slutt.
Etter å ha teke ein liten pause for å komma meg att, gav eg meg i kast med den siste Brontë-systera, Anne, for å ha gjort unna heile familien ein gong for alle (skreiv broren noko?), om det så berre skulle vera for å slå fast at dei ikkje er noko for meg. Brontë-syster 2 heva ikkje akkurat forventningane til Brontë-syster 3, men det kan i dette tilfellet ha vore ein fordel. Agnes Grey er i alle fall den boka eg har likt best mislikt minst.
Dette er framleis 1800-tals "kvinnelitteratur", så hovudpersonen må sjølvsagt vera ei god, dydig og religøs ung kvinne, som i starten må gjennom ein del prøvingar, denne gongen i form av vekkskjemde dritungar og blinde, ubrukelege foreldre. Så blir det litt meir klassisk romanse over det heile: ung kvinne møter attråverdig (og djupt religiøs) mann, søt musikk, forviklingar, litt flaks, lukkeleg slutt. Uoriginalt, til tider ganske kjedeleg, men utan den overdrivne dramatikken og nokre av dei mest irriterande trekka ved dei andre systrene sine bøker.
Konklusjon: Dette er ikkje min sjanger, det visste eg frå før og eg har no fått det stadfesta. Vurderer likevel å lesa The Tenant of Wildfell Hall, den einaste andre boka Anne skreiv. Charlotte hindra denne i å bli utgidd på nytt etter Anne var død, fordi ho rekna boka som upassande. Kjenner eg ser på dette som eit potensielt kvalitets-stempel ...