Viser innlegg med etiketten Boknytt og -nyttig. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Boknytt og -nyttig. Vis alle innlegg

torsdag 7. oktober 2010

Nobelprisen 2010


Så vart det, overraskande for mange om ein skal dømma etter oddsa i går kveld, peruanaren Mario Vargas Llosa som fekk nobelprisen i litteratur i 2010. Eg har faktisk aldri lese noko av Vargas Llosa (litt usikker på korleis eg har klart å unngå det etter år med spanskstudiar), men har Paradiset på det andre hjørnet ståande både på hylla og på skal-snart-lesa-lista. No må eg vel slenga meg på bølgja...

søndag 12. september 2010

Dumme Bokklubben

Dette er et lite syteinnlegg for å klage over Den norske bokklubbens nye ordning for abonnement på Verdens Hellige Skrifter. For en tid tilbake kom det informasjon om at de nå, for å glede nye abonnenter, ville sende ut tidligere utgivelser på samme måte som nyutgivelser (og følgelig tjene mer penger). De ville begynne med boken om gresk religion, som en slags forsmak på nyutgivelsen om romersk religion. Siden Sv. faktisk ikke har vært abonnement siden tidenes morgen, samtidig som vi på andre måter har gått til anskaffelse av de mange utgivelsene som var utgitt før Sv. ble abonnement, sende han en e-post til dem og sa at han ikke hadde noe behov for de gamle utgivelsene, da vi allerede hadde dem. Bokklubben svarte aldri, og plutselig kom boken om gresk religion i posten (med regning, selvsagt). Sv. kontaktet dem igjen for å få returnert boken, og sa samtidig atter en gang at gamle utgivelser var han ikke interessert i. Til dette svarte Bokklubben at abonnementet ble sagt opp, for det gikk ikke an å la være å få de gamle. Sv. sa at det var overraskende at de stadig reklamerte for at man kunne bestille gamle utgivelser, og så kom Bokklubben til å sende dem på nytt etterhvert uansett om man hadde kjøpt dem allerede eller ei. Bokklubbens nye svar var at de kunne ikke skreddersy abonnementet til hver abonnent. Konklusjon: de er dumme (og ganske lite intelligente også, for det kan ikke være særlig vanskelig å dele abonnentgruppen i to: én type som vil ha både nytt og gammelt og én som bare vil ha nytt)!

lørdag 28. november 2009

At ei bok har vore (eller er) forbodi må jo vera ein ypparleg grunn til å lesa ho. Har nettopp funne ut at ei av bøkene eg les for tida, Sataniske vers, er uønska i bl.a. Egypt, India, Malaysia og Sør-Afrika. Kjenner at det gir meg enda mei glede av å lesa ho og vil med dette gjerne oppfordra til å gå laus å noko "ulovleg"...
Her ligg ei kort liste til inspirasjon - sjekk lenkjene på kjeldelista.
Elles er det jo mykje å velja mellom på Index Librorum Prohibitorum.
God forbodi lesing!

torsdag 26. november 2009

Adventskalas

Tre forfattarar som presenterte dei nye bøkene sine, gode tilbod, adventspynt, gratis mat og vin, og attpåtil ei bok i presang. Tykkjer Studia skal ha kalas oftare. Elles fekk eg med ein julekalendar med oversikt over ting som er på tilbod kvar dag i desember. Som alle andre bokhandlar for tida har jo Studia ein del tull til sals, men nokre av dagane er det verdt å ta turen...

torsdag 26. mars 2009

Genialt!

Google Books

Z's library

O lykke!

Stakk innom Studia i går på veg til lesesalen, nok eg veit ikkje er ein god idé for lommeboka, men eg har vore der såpass mykje i det siste og dei får inn nye interessante ting såpass sjeldan at eg tenkte det skulle gå bra. Dengang ei. Mammutsalet er slutt, men ikkje heilt. Studia har no halv pris av Mammutpris på det som er att av bøker, og då begynnar det jo å hjelpa på. Hovudproblemet mitt med Mammutsalet (når ein ser vekk frå at det, som dei fleste bokhandlar i Noreg for tida, lir under eit altfor stort utval av krim og "hobby"-bøker, og altfor lite klassikarar, litteratur på andre språk og generelt bøker for andre enn plebeiarar) er at mange av bøkene dei har på sal er innbundne. Jaudå, dei er skikkeleg nedsette i forhold til originalprisen, men eg treng jo ikkje kjøpa boka til 119 kroner på sal når eg kan kjøpa pocketutgåva for 99,- til vanleg! No er derimot dei fjonge innbundne bøkene nede i ein pris som er godt under vanleg pocketpris (betalte frå 45 til 65 kroner) og då er det er verd det. Problemet er at når det bli så billegg forsvinn stort sett alle dei hemningane som enno overlevde det vanlege Mammutsalet, for til slike prisar er det jo ikkje så nødvendig at boka er superfantastisk...
Anyways, tenkte eigentleg berre eg skulle opplysa om salet, dersom andre enn meg skulle ha bruk for å svi av litt ekstra pengar.